Stort engasjement på Brukarsamlinga

Det var stort engasjement blant deltakarane på Brukarsamlinga i Trondheim, og mange hadde idear og tankar om vegen vidare for Bevar-HMS. Per Ole Mathisen losa oss gjennom dagens status for systemet, og kva som er nytt det siste året. Rolf Nordberg bidrog med faglege innputt på brannvern, og Kristian Hyllestad informerte om BBLID og vegen vidare med nytt design av Bevar-HMS. Samlinga vart stødig leia av superbrukar Anders Fjerdingen.

For deltakarane, spesielt dei fotballfrelste, var det stas å høyra på tidlegare Rosenborg-spelar Bent Skammelsrud snakka om korleis ein kan takla motgang og press. Og ekstra krydder blei det når han kom med nokre godbitar om Eggen og RBK. Sjølv ei med hjarta i Brann likte dette. Det kom ein del ønskjer i brukarsamlinga, oppsummeringa er i full gang. Me kjem til å informere her i arbeidsportalen om det som blir gjort framover.

Takk til superbrukarane Anders Fjerdingen og Laurie Gusevik, og Tobb sine gode medhjelparar Laila Furunes og Egil Lyngen, for ei vel gjennomført samling, også på den sosiale biten.

Her er presentasjonen som Per Ole Mathisen hadde på samlinga.